Sunnfjord Energi Nett - Nett-tariffar

Informasjon

Sunnfjord Energi AS sine nett-tariffar er delt i to hovudgrupper, hushaldning og næring. Prisar for hushaldning skal oppgjevast inklusive off.avg, medan prisar for næring oftast blir oppgitt utan off.avg.

I tillegg skil vi anlegga etter storleiken på inntakssikringen. Kundar med sikring til og med 125 A /230V vert energiavrekna (same tariff som vanleg hushald) over 125 A/230V (50 kW) vert effektavrekna.

Det vert ikkje teke inn nye anlegg på uprioritert kraft, dvs for kundar som nyttar straum til oppvarming, elektrokjel med brenselfyrt reserve. Desse anlegga skal ha eige inntak/målar (timemåling) og kan verte beordra fråkopla straumnettet på kort varsel, dvs momentant.

Forbruksavgift
Frå 1.1.2004 er det bestemt at innkrevjing av forbruksavgifta skal flyttast frå kraftleverandør til nettselskap. Frå 01.01.12. utgjer denne 14,24 øre/kWh inkl. mva (11,39 øre/kWh eks. mva)

Enova SF
I nett-tariffen er det inkludert påslag på nettariffen til Energifondet på 1,0 øre/kWh mva =1,25 øre/kWh.

Forskriftene som ligg til grunn for utrekninga av tariffane endrar seg med ujamne mellomrom. Sett frå kunden sin ståstad er den viktigaste endringa i siste utgåve eit krav om at tariffane kan ha variabelt energiledd over året. For SE sine tariffar inneber dette litt høgre pris om vinteren (fordi spotprisen og tapa i nettet då er høgst) og litt lågare pris om sommaren.

El-nettsdrift er monopolverksemd. Ei mengd reglar (gitt av styresmaktene) gjeld for alt frå utforming av faktura til kor mykje SE totalt kan krevje i nettleige av våre kundar. Det kjem nye reglar til med ujamne mellomrom og SE gjer det vi kan for å etterfølge kvar einaste enkelt regel. Det er likevel vår plikt å informere om at dersom ein vil klage på SE sine tariffar, skal ei klage rettast til

NVE (www.nve.no – for meir info, eller ring 22 95 95 95).