Kompensasjon ved langvarige straumbrot

Dersom du som nettkunde opplever straumbrot over 12 timar samanhengande har du rett på kompensasjon frå Sunnfjord Energi.

Sjå retningsliner i kolonna til høgre.

Søknad om kompensasjon

Du kan laste ned Skjema for kompensasjon ved utfall (pdf), skrive ut (Ctrl+P), og returnere i utfylt og underteikna stand.

Skjemaet skal leverast i resepsjonen i Energihuset i Firdavegen 5 på Øyrane i Førde, eller sendast til telefaks 57 72 23 50, eller som vanleg post til: Sunnfjord Energi Nett, Postboks 123, 6801 Førde.

Les NVE Fortolkning av forskrift – Utbetaling ved svært langvarige avbrudd