Gå til innholdGå til toppen
Foto av prosjektleiarane for nye straummålarar i Sogn og Fjordane.

Dei fire største energiselskapa i fylket samarbeider om innføringa av nye automatiske straummålarar. F.v: Ole Gaute Hovstad SFE, Odd Kristian Hagen, Stryn Energi, Frode Valsvik, Sognekraft og Tony Kiil i Sunnfjord Energi. Foto: Jørgen Steffensen, SORIA (BKK).

Nye straummålarar

I april starta Sunnfjord Energi monteringa av dei første nye, automatiske straummålarane hjå kundane sine. Dei store energiselskapa i fylket samarbeider om prosjektet.

– Dei nye målarane opnar for ei ny tid, både i heimen og for nettselskapa, så dette ser vi fram til, seier Tony Kiil som er leiar for prosjektet i Sunnfjord Energi.

Eltel skal montere

Kundane i Førde er først ut og det er Eltel Networks AS som skal stå for arbeidet med montering av dei til saman 52 000 straummålarane for dei fire samarbeidande selskapa, Sunnfjord Energi, Sognekraft, Stryn Energi og Sogn og Fjordane Energi (SFE). Eltel har prosjektkontor og lager her i Førde medan prosjektet held på i Sogn og Fjordane. Det er Sør-Koreanske NURI Telecom LtD (Nuri) som leverer dei automatiske straummålarane og kommunikasjonsutstyr.

Får brev i posten

Kiil seier at kundane vil få informasjon i posten god tid i førekant, og at alle vil få eit forslag til tidspunkt for når monteringa skal skje i bustaden deira, også dette per brev.
– Her ber vi kundane om å stadfeste at tidspunktet passar. Det vil vere høve til å byte foreslått tidspunkt, seier prosjektleiaren og legg til at det er naudsynt at det er folk heime dersom sikringsskapet er inne i bustaden.

Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten, håpar på eit godt samarbeid med kundane.
 Det er ein svært omfattande jobb å byte ut målarane til alle og vi er avhengige av eit godt samarbeid med kundane våre. Det er til stor hjelp om folk er flinke til å bekrefte tidspunkt slik at installatørane våre frå Eltel får montert målarane til avtalt tid, seier han.
Alle skal byte, også dei som har automatisk målar frå før. Sunnfjord Energi skal etter planen montere målarar hos kundane sine i tida frå april og ut november.

Endra straumbruk

At nettselskapa installerer nye målarar hos kundane er ein vinn-vinn for både kunde, samfunn og nettselskap meiner Tony Kiil.
 Vi trur kundane etter kvart vil setje pris på dei mange fordelane som automatiske straummålarar gir. I tillegg trur vi at mange vil nytte seg av moglegheita til å sjå på straumforbruket sitt, seier han.

Han forklarar vidare at den største vinsten, sett i frå eit samfunnsperspektiv er at ein med automatiske målarar klargjer straumnettet for morgondagens straumkundar, og at ein i mange høve kan redusere behovet for investeringar og oppgraderingar i straumnettet.
 Endra livsstil har gjort noko med straumbruken vår, til dømes tek lading av elbil mykje straum. Nye målarar vil over tid gi ein fleksibilitet i straumnettet som er naudsynt for å møte framtida.

Varslar straumbrot

Den nye målaren gjer det mogleg for nettselskapet å oppdage og lokalisere straumbrot i kvar bustad, slik at kundane raskare kan få att straumen ved straumbrot. I dag har nettselskapa god oversikt over tilstanden i høgspentnettet, fram til næraste nettstasjon, men straumbrot i lågspentnettet mellom nettstasjon og kunde tek lenger tid å identifisere. Med nye målarar har nettselskapet direkte kontakt med kvar målar og vil raskt oppdage at straumen er vekke hos kundane.

Noregs største samarbeid

Dei fire selskapa er ein del av SORIA-alliansen som er det største samarbeidet om automatiske straummålarar i Noreg og omfattar 27 nettselskap over heile landet. Samarbeidet dreiar seg mellom anna om planlegging, kjøp av straummålarar og monteringstenester. Til saman skal selskapa i SORIA montere målarar hos 700 000 av alle straumkundane i Noreg.

Alle i heile Noreg skal få nye straummålarar, det har Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) bestemt, og til no har om lag 6 % av norske heimar fått. NVE har gitt nettselskapa frist til 1. januar 2019 med å montere målarane.

Utrullingsplan for dei fire selskapa

Det kan kome endringar, men slik planen er no vil Sunnfjord Energi sine kundar få nye målarar i løpet av 2017.
Sognekraft sine kundar får nye målarar hausten 2017 / vinteren 2018
Stryn Energi sine kundar får nye målarar vinteren 2018
SFE Nett sine kundar får nye målarar i løpet av 2018
Det kan framleis kome endringar tidspunkt og i rekkefølgje.

Kontaktperson i Sunnfjord Energi er Tony Kiil, telefon 91 72 71 85.