Gå til innholdGå til toppen

Kontaktskjema for kundar

Sunnfjord Energi Nett er inne i ei omfattande og spennande digitaliseringsprosess. I samband med dette har vi oppretta eit digitalt kontaktskjema som kundar kan nytte for å få hjelp.

Sunnfjord Energi Nett ynskjer å behandle alle kundar likt og rettferdig, derfor har vi oppretta ei gruppe som skal sikre lik handtering av saker som kjem inn til oss. På nettsidene til Sunnfjord Energi Nett under kundesenter finn ein no eit kontaktskjema ein kan fylle ut. Målet er at alle saker skal bli sendt til rette vedkomande med ein gong slik at ein kan få ei hurtigare tilbakemelding. Sunnfjord Energi er heile tida opptatt av å betre kundeservicen og setter pris på tilbakemeldingar som kan hjelpe oss til å verte endå betre.