Gå til innholdGå til toppen

Nytt informasjonshefte om busetnad nær høgspenningsanlegg

Statens strålevern har gitt ut eit nytt informasjonshefte med oppdatert informasjon om magnetiske felt frå høgspenningsanlegg.

Det nye informasjonsheftet omtalar blant anna moglege helseverknadar, gjeldande regelverk og forvaltningspraksis og er meint å informere kommunar, utbyggarar, nettselskap og befolkninga.

Informasjonsheftet inneber ingen endring i forvaltningspraksisen som blei etablert av Stortinget i 2006, som seier at nettselskapa skal søke å legge nye kraftleidningar og transformatorstasjonar i god avstand til bustadar, barnehagar og skular. I konsesjonssøknadar for nye nettanlegg skal selskapa utgreie kva slags bygningar som kan få magnetfelt over 0,4 µT (mikrotesla) i årsgjennomsnitt, vise til kunnskapsstatus og sentral forvaltningsstrategi og vurdere tiltak som kan redusere magnetfeltet ved bygg som kan få magnetfelt over 0,4 µT.

Statens strålevern framhevar i det nye informasjonsheftet at 0,4 µT ikkje er ein grenseverdi, men berre eit utredningsnivå som myndigheitene har valt for å ta høgde for vitskapeleg usikkerheit. Grenseverdien er på 200 µT og sikrar befolkninga mot alle vitskapeleg dokumenterte, negative helseeffektar forårsaka av lågfrekvente magnetfelt.

Les brosjyren her: https://www.nve.no/Media/5420/bebyggelse-nær-høyspenningsanlegg-2017.pdf

 

Kjelde: https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-konsesjon/nytt-informasjonshefte-om-bebyggelse-naer-hoyspenningsanlegg/