Gå til innholdGå til toppen

Tilbodsførespurnad skogrydding Sunnfjord Energi Nett

Sunnfjord Energi vil inngå rammeavtale på skogrydding med varigheit på 1 år med opsjon for forlenging på 1 år.

Sunnfjord Energi har ansvar for energitransport, utbygging, drift og vedlikehald av distribusjonsnettet og regionalnettet i kommunane Førde, Naustdal, Jølster, Gaular, Fjaler, Hyllestad og Solund i Sogn og Fjordane. I tillegg til desse kommunane går også regionalnettet delvis innom Flora, Askvoll og Høyanger kommune.

Sunnfjord Energi vil inngå rammeavtale på skogrydding med varigheit på 1 år med opsjon for forlenging på 1 år. Tilbydarar må tilfredsstille underlista krav. Arbeidsbeskriving og omfang kan lastast ned gjennom linkar nedst på sida her. Om ein ikkje tilfredsstiller krava må ein skildre planar for korleis ein innanfor kort tid skal klare å tilfredsstille krava. Det er løyve til å gje tilbod på heile eller delar av området. Sunnfjord Energi vil kunne dele leveransen på fleire tilbydarar.

Krav til tilbydar:

  • Registrert firma i Brønnøysundregisteret
  • Sosiale kontraktsvilkår («Forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontrakter»)
  • Forsikring (skade, erstatning samt ulykke/personalforsikring av tilsette, ansvarsforsikring)
  • Godkjent kurs i hogstteknikk og opplæring/kompetanse i felling ved hjelp av klatreteknikkar
  • Autorisasjonsbevis for bruk og kjøp av plantevernmidlar
  • Arbeidsvarslingskurs for arbeid nær ved veg. (eller tilgang til slik kompetanse)
  • Årleg kurs i driftsforskrifter (FSE)
  • Arbeidarar må beherske norsk både skriftleg og munnleg

Frist for innsending av tilbod: 30.09.18 kl. 23.00

Kontaktperson:

Ottar Indrebø (Tilgjengeleg etter 17.09.18)
Tlf. 57722305 / 95253905
E-post ottar.indrebo@sunnfjordenergi.no

Eventuelle spørsmål skal rettast til kontaktperson per e-post.

Arbeidsbeskriving og omfang

01 Tilbyderinstruks – Skogrydding
02 Generelle vilkår for kjøp av tjenester
03 Vedlegg A – Arbeidsbeskrivelse tjeneste
04 Vedlegg B – Vederlag tjeneste
05 Vedlegg D – Administrative bestemmelser Nett

06 Vedlegg 1 – Instruks for skogryddarar SE
07 Vedlegg 2 – Rutine for bruk av plantevernmiddel
08 Vedlegg 3 – REN Blad 2024 – S.R.D luft, Vedlikehald, Linjerydding
09 Vedlegg 4 – REN Blad 8015 – Vedlikehaldsstrategi
10 Plantevernjournal mal
11 Skilt – Behandling med plantevernmiddel