Gå til innholdGå til toppen

Anleggsbidrag

Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, regulerer nettmonopolet i Noreg. Ein stor del av aktiviteten til Sunnfjord Energi AS (SE) er underlagt dette regimet.

I praksis tyder det at netteigarane, som SE, må forhalde seg til ei rekke lover og føreskrifter på ulike områder. Kostnadane ved å bygge og drive nettet i området blir dekka av kundane. Prinsippa for kostnadsfordeling mellom kundane ved nye nettilknytingar eller ved forsterking av nettet er regulert i FOR 1999-03-11 nr 302: Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten.

Når er anleggsbidrag aktuelt?

For ein typisk kunde kan anleggsbidrag være aktuelt når ein byggjer eit hus og bestiller straum, eller ber om utviding av eksisterande anlegg som medfører at nettet må forsterkast. For entreprenørar er typiske tilfeller når områder skal byggast ut og straum skal leggast fram til og i området.

Kostnaden ved slike tiltak vert dekt av nettkunden (oppdragsgjevar) i form av eit anleggsbidrag.

Den tidlegare ordninga med «Botnfradrag ved anleggsbidrag» vart avvikla 1. januar 2016. Det medfører at nettkunden må betale alle relevante kostnader ved bestilling av tilknyting eller ved forsterking av nettet. Dette gjeld også omlegging frå luft til kabel.

Berekningsprinsipp

Ein skil mellom såkalla kundespesifikke anlegg og radielle fellesanlegg:

Kundespesifikke anlegg

Anlegget med tilhøyrande kostnader kan knytast opp mot ein kunde/kundegruppe der det ikkje er sannsynleg at det kan tilknytast fleire kundar.

Radielle fellesanlegg

Dersom det er fleire kundar i eit fellesanlegg, vil SE berekne anleggsbidraget slik at det vert anleggskostnaden/forventa (sannsynleg) antal målepunkt som er grunnlaget for berekning av kostnad som kundane saman skal dekke.

Utskifting av eksisterande nett

Dersom nye kundar i tillegg utløyser at eksisterande nett må skiftast ut, vil SE vidareføre kostnadane med å erstatte eksisterande nett før levetida er utgått. I dette reknestykket inngår det ei rentebetraktning og vurdering av restlevetid. I tillegg kjem direkte kostnader med oppgradering av kapasiteten. Lengdebetraktning vert også gjort ved utskifting av eksisterande linjer, der kunden må ta sin respektive del av lengda han løyser ut for utskifting/oppgradering. Framskyndingskostnaden ved ei investering på 100.000,- ti år før tida og med ei kalkulasjonsrente på 4,5 % vert slik: FK=100.000-(100.000/(1 4,5/100)^10=35.607,-

MVA-plikt

Anleggsbidraget vert fakturert utan meirverdiavgift. Andre nettjenester som nettselskapet ikkje er pålagde å utføre er definert som omsetning og medfører meirverdiavgift. Sunnfjord Energi kan levere ut rekneeksempel ved førespurnad. Prognose for anleggsbidraget med øvre tak vert synleggjort til kunden før investeringsbeslutning. Endeleg avrekning blir gjort etter at faktiske anleggskostnader er kjent.