Gå til innholdGå til toppen

Byte av kraftleverandør

Ved byte av kraftleverandør må du ha inngått kontrakt med den nye leverandøren, då det er eit krav at det skal føreligge ei kontrakt.

Slik kontrakt skal innehalde minimum målepunktID, sluttbrukar sin fødselsdato eller organisasjonsnr, sluttbrukar sitt namn eller firmanamn, kva produkt avtalen gjeld og sluttbrukar sitt samtykke.

Opplysningar om målepunktet finn du enklast på ein faktura frå netteigar.

Når dette er på plass er det kraftleverandøren som melder frå til netteigar om skifte av leverandør.

Sjå også: