Gå til innholdGå til toppen

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE)

Sunnfjord Energi Nett er med heimel i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr pålagt å føre tilsyn innanfor forsyningsområdet. Dette gjeld Jølster, Førde, Naustdal, Gaular, Fjaler, Hyllestad og Solund.

DLE ved Sunnfjord Energi AS er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for el- tryggleik, og utfører tilsyn av elektriske anlegg og utstyr. Sunnfjord Energi kjøper dei fleste av desse tenestene av Etrygg.

DLE har som mål å redusere skader og ulykker som skuldast elektrisk straum.

Sjå også:

DLE Sunnfjord Energi:

  • Er fagleg underlagt Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) med regionskontoret på Vestlandet som har hovudkontor i Bergen
  • Fører stikkprøvekontrollar med alle elektriske lågspenningsinstallasjonar som er tilkopla Sunnfjord Energi sitt forsyningsanlegg
  • Kontrollerer at elektroinstallatørar som monterer anlegg har nødvendig kompetanse og rutinar for å utføre dette på en trygg måte
  • Kontrollerer og ser til at alle institusjonar og verksemder som brukar elektromedisinsk utstyr i sitt daglige virke gjennomfører dette på ein forsvarleg måte for å auka tryggleiken både for pasientar og  pleiepersonell
  • Utfører tilsyn etter gjeldande instruks gitt av DSB
  • Informerer bedrifter og verksemder om at el-tryggleiken må takast med i interne kontrollrutinar for å gjere tryggleiken betre for tilsette, og for å redusere fare for skader på bygningar og materiell
  • Driv informasjonsarbeid om el-tryggleik ovanfor ulike målgrupper.
  • Etterforskar brannar i samarbeid med Politiet