Gå til innholdGå til toppen

Etrygg

Sunnfjord Energi og SFE har etablert selskapet Etrygg for å styrke el-sikkerheitsarbeidet i regionen, skape eit større fagmiljø, og få fram viktig kunnskap om el-sikkerheit til våre 35.000 kundar.

El-tryggleik for bedrifter

etrygg_logoBåde for bedrifter som eig og leiger lokale gjeld forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (internkontrollforskrifta). Plikta til å innføre og utøve internkontroll kvilar på den som er ansvarleg for bedrifta. Med dette meinar ein den som leier eller eig bedrifta. Dei fleste bedriftene vil vere utan kompetanse i elektrofaga, og for desse er det gitt følgjande føringar når det gjeld å etterleve internkontrollforskrifta.

El-tryggleik og internkontroll i bedrifter

  • Det viktigaste er å ha gode rutiner for ettersyn av det elektriske anlegget.
  • Det må føretakast regelmessig vedlikehald av anlegget. Kor ofte dette bør gjerast er avhengig av mellom anna alder og belastning på anlegget. Det må då søkjast bistand frå elektrofagfolk.

Ettersyn

Ved ettersyn bør ein basere seg på ei sjekkliste. Det vert tilrådd å bruke elektrofagfolk til å utarbeide og gje opplæring i bruk av sjekklista, slik at den vert tilpassa det aktuelle anlegget. For eit enkelt anlegg bør imidlertid sjekklista minst innehalde følgjande punkt:

  • Øydelagde/knuste/lause deksel (til dømes stikkontakter, pluggar, brytarar, lampar, kuplar med meir)
  • Kutt og klemskader i ledningar og kablar
  • Misfarging og lukt som kan tyde på varmgang
  • Tildekking av varmeavgjevande utstyr (varmeomnar, TV-apparat med meir)
  • Reinhald i utstyr og sikringsskåp/-boksar (støv)
  • Orden inkl. rett merking av kursane i sikringsskåp
  • Er sikringane varme å ta på?
  • Rett bruk av elektrisk utstyr, slå av når det ikkje er i bruk (til dømes kaffikokarar, datamaskiner, kopimaskiner med meir)
  • Elektrisk utstyr som er skada må ikkje nyttast
  • Alle tilsette må gjerast kjende med at dei har ansvar for å melde frå om skader og feil ved elektriske anlegg og utstyr som vert oppdaga
  • Det må utpeikast ein person som ein kan melde slike feil/skader til
  • Den personen som tek imot slike meldingar, må ha som oppgåve å registrere skadane/feila og syte for at dei vert utbetra, eventuelt gje melding til den som har slik mynde
  • Til utbetringar må det kun nyttast elektroinstallatør, eller elektroreparatør dersom det gjeld elektrisk utstyr
  • Meldingar og gjennomførte tiltak må registrerast og arkiverast
  • Samsvarserklæringar må arkiverast systematisk
  • Enkelte stadar er det krav om spesiell vurdering av risiko. Det gjeld til dømes anlegg i sjukehus, eksplosjonsfarlege område, hotell, landbruk og industribedrifter.