Gå til innholdGå til toppen

Nettleige

Sunnfjord Energi AS sine nett-tariffar er delt i to hovudgrupper, hushaldning og næring. Prisar for hushaldning skal oppgjevast inklusive off.avg., medan prisar for næring oftast blir oppgitt utan off.avg.

I tillegg skil vi anlegga etter storleiken på inntakssikringen. Kundar med sikring til og med 125 A /230V vert energiavrekna (same tariff som vanleg hushald) over 125 A/230V (50 kW) vert effektavrekna.


Automatisk straummålar – AMS

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde. Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren.