Gå til innholdGå til toppen

Mindre næring, jordbruk m.m.

Tariffane er gjeldande frå 1. januar 2017. Prisen for nettleige er eks. elavgift og mva, inkl. påslag til Energifondet (Enova). Gjeld kWh-avrekning (kilowatt-timar).

Innan straum til næring skil vi anlegga etter storleiken på inntakssikringen. Kundar med sikring til og med 125 A /230V vert energiavrekna (same tariff som vanleg hushald) over 125 A/230V (50 kW) vert effektavrekna.

Nettleige mindre næring m.m.

Anlegg med hovudsikring til og med 125A/72A/42A (230V/400V/690V).
Fastbeløp, kr/år2.990,00
Energiledd, øre/kWh, låg/høg31,01/34,18

Låglast/høglast

Forskrifter krev at alle everk tilbyr nettleige med ulik energipris gjennom året. Vår inndeling er: Høglast 1. og 4. kvartal, låglast 2. og 3. kvartal. For kundar med ei avlesing i året, vil forbruket verte fordelt over året etter gjennomsnitt for SE sine kundar. Om ønskjeleg kan ein lese av målaren oftare og melde inn målarstanden på grønt nr. 800 84 844, SMS til 26166 eller på internett: Mi side/Målaravlesing.

Om nettleiga

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) regulerer kva inntekt det enkelte nettselskap kan ta inn i nettleige. Det betyr at NVE fastset og kontrollerer inntektene til nettselskapa. Nettleiga skal dekke kostnader med å få straumen trygt fram til deg som kunde. Det inkluderer utbygging, vedlikehald og drift av straumnettet, samt døgnberedskap. Sunnfjord Energi AS har ein leveringssikkerheit på over 99,9 prosent.


Sunnfjord Energi AS har etter retningslinjer frå NVE om utrekning av nettleiga, informasjonsplikt overfor kundar om utrekningsgrunnlag og –prinsipp. Sjå også: Leveringsplikt.

Sjå også:



Avgifter i tillegg til nettleiga

Frå 1.1.2017 skal 16,32 øre/kWh + mva, til saman 20,40 øre/kWh elavgift til staten krevjast inn i tillegg til energileddet til nettleiga.

Påslaget på nettleiga til Energifondet:

1. Hushaldningsforbruk, påslag på 1 øre/kWh (1,25 øre inkl. mva./kWh):

  • Med hushaldningsforbruk meiner ein bruk av elektrisk energi for einebustader, leilegheiter, hyblar og fritidsbustad, her også hytter, seter, koier o.l.
  • Fellesvaskeri, garasjer og andre fellesanlegg i eller for bustadar m.v. som nemnt under hushaldningsforbruk.

2. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget vere kr 800,00 pr. målepunkt-ID pr. år og inkluderast i fastledd på nettleiga.

Sunnfjord Energi Nett følgjer retningsliner fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dersom ein vil klage på Sunnfjord Energi Nett sine tariffar, skal klagen rettast til NVE, sjå www.nve.no – for meir info, eller ring 22 95 95 95.


Fakturering for mindre næring, jordbruk m.m.

  • Faktura 6 gongar i året: Anlegg med manuell avlesing vert avrekna annankvar månad. Ved overgang til timemålt anlegg vil ein automatisk bli avrekna kvar månad.
  • Faktura 1 gong årleg. Anlegg med manuell avlesing 1 gong pr. år vert avrekna årleg med akonto kvar 2. mnd.
  • Faktura 12 gongar i året: Timemålte anlegg får avrekning kvar månad.
  • eFaktura: Med eFaktura får du straumrekninga rett i nettbanken ferdig utfylt med kidnummer og kontonummer: Opprett eFaktura.
  • Betalingsfrist: 14 dagar frå fakturadato. 
  • Rente ved for sein betaling: 8,75% p.a. frå 1.1.2016 (% sats vert fastsett av Finansdep. 1.1 og 1.7).
  • Purregebyr: kr 67,–.
  • Inkasso: Innkrevjing av forfalte krav vert utført av Kredinor.
  • Opningsgebyr: kr 2.150,– inkl. mva (i ordinær arbeidstid: 07.30–15.20). Eller: kr 3.500,– inkl. mva (utanom ordinær arbeidstid).

efaktura-banner