Gå til innholdGå til toppen

Leveringsplikt og nøytralitet

Nettselskapet skal til ei kvar tid opptre nøytralt overfor kraftleverandørar og sluttbrukarar når det gjeld handtering av leverandørskifte, nyetablering av abonnement, oversending av måledata, faktureringsrutinar og avregnings- og faktureringsplikt. 

Sjå forskrifta:

Nettselskapet si leveringsplikt

Alle nettselskap er pålagt å levere straum inntil kunden har inngått kraftleveringsavtale med ein kraftleverandør. Dette for å sikre at kundane ikkje mistar straumen ved flytting, eller når leverandøren ikkje lenger kan levere straum, for eksempel ved konkurs.

Prisane nettselskapet kan ta er regulert av NVE dei første 6 vekene.

  • Dei første seks vekene vil straumprisen vere lik spotpris i området + 5,0 øre/kWh, inkl. elsertifikat, eks. mva.
  • Etter seks veker aukar straumprisen til spotpris i området + 8,7 øre/kWh, inkl. elsertifikat,  pluss eit fastledd på kr. 20,- pr. mnd, alt eks.mva.

Leveringsplikt er meint å vere ei midlertidig ordning til kunden har valt kraftleverandør og er dyrare enn vanleg kraftleveringsavtale.

Sjå også:

Viser også til NVE sitt standardskriv om leveringsplikt som vert sendt ut til alle kundar som står utan kraftleverandør saman med opplysningar om val av kraftleverandør.

Meir info: