Gå til innholdGå til toppen

Hushald/fritidshus

Tariffane er gjeldande frå 1. januar 2017.

Prisar for nettleige privat

Mindre anlegg med hovudsikring til og med 125A/72A/42A (230V/400V/690V).
(Effekt under 50 kW)inkl. avg.eks. elavg. og mva
Fastbeløp, kr/år2.737,502.190,00
Energiledd, øre/kWh, låg/høg60,01/63,9832,01/35,18
Gjennomsnittspris
ved 20.000 kWh/år:
76,10 øre/kWh44,90 øre/kWh

Låglast/høglast

Forskrifter krev at alle everk tilbyr nettleige med ulik energipris gjennom året. Vår inndeling er: Høglast 1. og 4. kvartal, låglast 2. og 3. kvartal. For kundar med ei avlesing i året, vil forbruket verte fordelt over året etter gjennomsnitt for SE sine kundar. Om ønskjeleg kan ein lese av målaren oftare og melde inn målarstanden på grønt nr. 800 84 844, SMS til 26166 eller på internett: Mi side/Målaravlesing.

Om nettleiga

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) regulerer kva inntekt det enkelte nettselskap kan ta inn i nettleige. Det betyr at NVE fastset og kontrollerer inntektene til nettselskapa. Nettleiga skal dekke kostnader med å få straumen trygt fram til deg som kunde. Det inkluderer utbygging, vedlikehald og drift av straumnettet, samt døgnberedskap. Sunnfjord Energi AS har ein leveringssikkerheit på over 99,9 prosent.


Sunnfjord Energi AS har etter retningslinjer frå NVE om utrekning av nettleiga, informasjonsplikt overfor kundar om utrekningsgrunnlag og –prinsipp. Sjå også: Leveringsplikt.

Sjå også:



Avgifter i tillegg til nettleiga

Frå 1.1.2017 skal 16,32 øre/kWh + mva, til saman 20,40 øre/kWh elavgift til staten krevjast inn i tillegg til energileddet til nettleiga.

Påslaget på nettleiga til Energifondet:

1. Hushaldningsforbruk, påslag på 1 øre/kWh (1,25 øre inkl. mva./kWh):

  • Med hushaldningsforbruk meiner ein bruk av elektrisk energi for einebustader, leilegheiter, hyblar og fritidsbustad, her også hytter, seter, koier o.l.
  • Fellesvaskeri, garasjer og andre fellesanlegg i eller for bustadar m.v. som nemnt under hushaldningsforbruk.

2. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget vere kr 800,00 pr. målepunkt-ID pr. år og inkluderast i fastledd på nettleiga.

Sunnfjord Energi Nett følgjer retningsliner fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dersom ein vil klage på Sunnfjord Energi Nett sine tariffar, skal klagen rettast til NVE, sjå www.nve.no – for meir info, eller ring 22 95 95 95.


Fakturering

  • Faktura 6 gongar i året: Anlegg med manuell avlesing vert avrekna annankvar månad. Ved overgang til timemålt anlegg vil ein automatisk bli avrekna kvar månad.
  • Faktura 12 gongar i året: Timemålte anlegg får avrekning kvar månad.
  • eFaktura: Med eFaktura får du straumrekninga rett i nettbanken ferdig utfylt med kidnummer og kontonummer: Opprett eFaktura.
  • Betalingsfrist: 14 dagar frå fakturadato. 
  • Rente ved for sein betaling: 8,50 % p.a. frå 1.1.2017 (% sats vert fastsett av Finansdep. 1.1 og 1.7).
  • Purregebyr: kr 70,–.
  • Inkasso: Innkrevjing av forfalte krav vert utført av Kredinor.
  • Opningsgebyr: kr 2.150,– inkl. mva (i ordinær arbeidstid: 07.30–15.20). Eller: kr 3.500,– inkl. mva (utanom ordinær arbeidstid).

efaktura-banner


Automatisk straummålar – AMS

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde. Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren