Gå til innholdGå til toppen

Større næring

Tariffane er gjeldande frå 1. januar 2016. Prisen for nettleige er eks. elavgift og mva, inkl. påslag til Energifondet (Enova).

Innan straum til næring skil vi anlegga etter storleiken på inntakssikringen. Kundar med sikring til og med 125 A /230V vert energiavrekna (same tariff som vanleg hushald) over 125 A/230V (50 kW) vert effektavrekna.

Prioritert

Gjeld anlegg med maksimalregistering/timeregistrering. Fastbeløp for året vert fastsett ut frå gjennomsnitt av dei tre høgste månadsmaksimalane siste år.

Avrekning på etterskot kvar månad.

Anlegg med hovudsikring over 125A/72A/42A (230V/400V/690V)

Nettleige = Fastbeløp + Effektkostnad + Energikostnad  

Fastbeløp pr. kundekr pr. år
Effektuttak under 50 kW3.300,00
Effektuttak mellom 50 og 200 kW11.080,00
Effektuttak mellom 200 og 1000 kW24.970,00
Effektuttak over 1000 kW41.000,00
Effektkostnadkr pr. kW/år
Av dei første 50 kW1.110,00
Av dei neste 150 kW960,00
Uttak over 200 kW830,00
Effekt vert rekna etter høgste verdi i avrekningsperioden.

Energikostnad

Låg/høg

7,09/9,04 øre pr. kilowattime levert med spenning 230V/400V/690V

6,36/8,31 øre pr. kilowattime levert med spenning 22.000V

Uprioritert

Gjeld levering til elektrokjelar med brenselfylt reserve. Vi tilbyr berre uprioritert levering ved momentan utkopling.

Avrekning på etterskot kvar månad.

Nettleige = Fastbeløp + Energikostnad  

Utkopling: MomentanEffekt kjel: over 500 kWEffekt kjel: under 500 kW
Fastbeløp, kr/år6.300,003.600,00
Energiledd, øre/kWh, låg/høg8,82/11,178,82/11,17

Låglast/høglast

Forskrifter krev at alle everk tilbyr nettleige med ulik energipris gjennom året. Vår inndeling er: Høglast 1. og 4. kvartal, låglast 2. og 3. kvartal. For kundar med ei avlesing i året, vil forbruket verte fordelt over året etter gjennomsnitt for SE sine kundar. Om ønskjeleg kan ein lese av målaren oftare og melde inn målarstanden på grønt nr. 800 84 844, SMS til 26166 eller på internett: Mi side/Målaravlesing.

Om nettleiga

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) regulerer kva inntekt det enkelte nettselskap kan ta inn i nettleige. Det betyr at NVE fastset og kontrollerer inntektene til nettselskapa. Nettleiga skal dekke kostnader med å få straumen trygt fram til deg som kunde. Det inkluderer utbygging, vedlikehald og drift av straumnettet, samt døgnberedskap. Sunnfjord Energi AS har ein leveringssikkerheit på over 99,9 prosent.


Sunnfjord Energi AS har etter retningslinjer frå NVE om utrekning av nettleiga, informasjonsplikt overfor kundar om utrekningsgrunnlag og –prinsipp. Sjå også: Leveringsplikt.

Sjå også:



Avgifter i tillegg til nettleiga

Frå 1.1.2017 skal 16,32 øre/kWh + mva, til saman 20,40 øre/kWh elavgift til staten krevjast inn i tillegg til energileddet til nettleiga.

Påslaget på nettleiga til Energifondet:

1. Hushaldningsforbruk, påslag på 1 øre/kWh (1,25 øre inkl. mva./kWh):

  • Med hushaldningsforbruk meiner ein bruk av elektrisk energi for einebustader, leilegheiter, hyblar og fritidsbustad, her også hytter, seter, koier o.l.
  • Fellesvaskeri, garasjer og andre fellesanlegg i eller for bustadar m.v. som nemnt under hushaldningsforbruk.

2. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget vere kr 800,00 pr. målepunkt-ID pr. år og inkluderast i fastledd på nettleiga.

Sunnfjord Energi Nett følgjer retningsliner fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dersom ein vil klage på Sunnfjord Energi Nett sine tariffar, skal klagen rettast til NVE, sjå www.nve.no – for meir info, eller ring 22 95 95 95.

Fakturering

Månadsfaktura – avrekning 12 gonger pr. år.

  • Rente ved for sein betaling: 8,50% p.a. frå 1.1.2017 (% sats vert fastsett av Finansdep. 1.1 og 1.7).
  • Purregebyr: kr 70,–.
  • Inkasso: Innkrevjing av forfalte krav vert utført av Kredinor.
  • Opningsgebyr: kr 2.150,– inkl. mva (i ordinær arbeidstid: 07.30–15.20) kr 3.500,– inkl. mva (utanom ordinær arbeidstid)