Gå til innholdGå til toppen

Om Sunnfjord Energi Nett

Sunnfjord Energi Nett inngår i eit energikonsern med 120 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Førde, og selskapet er eigd av kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn og av BKK.

Forsyningsområdet dekkjer ca. 3100 km² i 7 kommunar frå Solund i vest til Stardalen i Jølster i aust. Det er 4 oppmøteplassar utanom hovudkontoret i Førde: Skei i Jølster, Hålandsfossen i Fjaler, Leirvik i Hyllestad og Hardbakke i Solund. I tillegg er det fast personell i kraftstasjonane Stakaldefossen og Øvre Svultingen.

Om lag 15.600 kundar er kopla til linjenettet som består av:

  • 153 km med 132 og 66 kV (kilo Volt) linjer
  • 1.075 km med 22 kV linjer og kabel
  • 1.677 km med lågspentlinjer og lågspentkabel
  • 10 sekundærstasjonar
  • 1.135 større og mindre transformatorar (nettstasjonar)

Konsernet Sunnfjord Energi

Konsernet driv innan produksjon og omsetnad av fornybar energi, utbygging og drift av om lag 2.750 km linjenett, småkraftverk, breiband, fiber, varmepumpe og anna entreprenørverksemd.

Sunnfjord Energi AS er organisert i 4 avdelingar: stasjonar, nett, marknad og administrasjon. Føremålet med selskapet slik det er uttrykt i vedtektene er å syte for produksjon, overføring og omsetning av energi, og stå for utbygging av naudsynte anlegg i samband med dette. Selskapet skal arbeide for ei sikker og rasjonell energiforsyning i eigarkommunane.

Verksemda kan og drivast i samarbeid med eller deltaking i andre føretak med same eller liknande føremål.

Sunnfjord Energi AS er også hovudaksjonær i selskapa Fossheim Energiverk AS med middelproduksjon på 25 GWh og Kjøsnesfjorden Kraftverk AS som har forventa middelproduksjon på 247 GWh.

Konsernet Sunnfjord Energi består av Sunnfjord Energi AS, Fossheim Energiverk AS og Kjøsnesfjorden Kraftverk AS. Sunnfjord Energi AS har to tilknytte selskap, Enivest AS og Etrygg AS.