Gå til innholdGå til toppen

Plusskundar

Ein plusskunde er ein straumkunde som av og til produserer meir straum enn det han sjølv forbrukar. Denne overskotsstraumen vert selt tilbake til nettselskapet. Sunnfjord Energi AS er eit av energiselskapa som ser positivt på plusskundeordninga.

Informasjon til framtidige plusskundar

Plusskundeordninga i praksis

Ein typisk plusskunde kan vere bustadar med solcellesystem, vindmøller på privat eigendom eller mikrokraftverk i elv. Ein plusskunde er ein sluttbrukar som produserer sin eigen straum med eigen produksjonseining og brukar den produserte straumen til å heilt eller delvis dekke eige forbruk. I periodar der ein produserer meir straum enn ein sjølv forbruker, matar ein overskotet inn i Sunnfjord Energi sitt distribusjonsnett og Sunnfjord Energi kjøper overskotsproduksjonen. I periodar der ein produserer mindre straum enn det ein brukar, kjøper ein det som trengst frå straumleverandøren sin og betalar netteleige for transporten.

Kven kan bli plusskunde?

For deg som vil produsere eigen straum ved hjelp av for eksempel solcellepanel, vindmølle eller mikrokraftverk og bur innanfor Sunnfjord Energi sitt forsyningsområde kan du bli plusskunde.

Korleis gå fram?

Du som kunde må sjølv undersøke naudsynt utstyr og utstyrskostnadar, samt installasjon og installasjonskostnadar. Ein må og undersøke støtteordningar, krav frå nettselskap og økonomi sjølv. Planlegging og dokumentasjon av utbygging må du gjer i samarbeid med Sunnfjord Energi. Ta kontakt med ein autorisert elektroinstallatør og Sunnfjord Energi for beskjed om installasjonsarbeid. Ei kontrakt med eit nettselskap er naudsynt for å kunne selje produksjonen. Når avtalen er på plass mellom deg som kunde og Sunnfjord Energi, får installatør tilbakemelding om å ferdigstille anlegget og Sunnfjord Energi Nett installerer ny målar og koplar til anlegget.

Må ein produsere meir straum enn til eige forbruk?

Nei, det er ikkje krav om at ein må produsere meir straum enn til eige forbruk. Som plusskunde er ein en enkelt sluttbrukar av elektrisk energi som har eigen årsproduksjon som normalt ikkje overstig eige forbruk. Ved enkelte driftstimar har ein overskotsproduksjon som då kan matast inn i distribusjonsnettet og kjøpast tilbake av Sunnfjord Energi.

Kor mykje straum kan ein produsere og mate inn til distribusjonsnettet?

I samsvar til NVE sine forskrifter med omsyn til plusskundeordninga kan ikkje sluttbrukar med forbruk og produksjon bak tilknytingspunktet på noko tidspunkt overstige 100kW. Samstundes må størrelsen på overskotsproduksjonen ikkje vere så stort at det fell innanfor NVEs krav til omsetningskonsesjon. Plusskundens inntektspotensial er avhengig av produksjonens storleik. Dette bør takast omsyn til med tanke på kostandane ved å etablere ordninga.

Kan alle produsentar bli plusskundar?

Nei, produksjonseiningar der det er krav om omsetningskonsesjon eller som leverer straum til andre sluttbrukarar kan ikkje knytast til plusskundeordninga. Ein skil ikkje på type produksjonskjelde for å definere dette, men på storleiken på produksjonen.

Kva målar må ein ha?

Det krev ein fjernavlest målar eller ein smart strømmålar AMS (Avansert Måle – og Styringssystem) som registrerer energiutvekslinga i begge retningar. Det vil sei både produksjon og forbruk. Denne smart strømmålaren skal automatisk bli skifta ut til alle Sunnfjord Energis kundar innan 1. januar 2019.

Kven betalar for utstyret?

Kunden må sjølv dekke naudsynte kostnader med produksjonsutstyr og kostnader til installatør. AMS straummålar vil bli innan 1. januar 2019 verte automatisk installert til alle nettkundar hos Sunnfjord Energi. Om ein ønsker å skifte ut til smartmåler før den tid, må kunden sjølv dekke heile eller delar av kostnaden for utskiftinga.

Sikkerheit og montering

For at anlegget skal vere lovleg er det krav frå ulike aktørar som må overhaldast. Det er krav om faglig kompetanse, krav til anlegg og krav til godkjenning. Etter innføring av AMS vil det vere mogleg å overvake sikkerhet med relativ høg oppløysning. Installering må utførast av autorisert elektroinstallatør.

Plusskundeanlegg og tekniske krav frå Sunnfjord Energi

Du som kunde er sjølv ansvarlig for innkjøp, registrering, godkjenning og sertifisering av anlegget med nødvendig måleutstyr. Sunnfjord Energi stiller tekniske krav til slike anlegg slik at desse anlegga ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet hos våre andre kundar. Desse krava har kunden, i samarbeid med installatør, ansvar for å tilfredstille. I tillegg er det også krav om at eit plusskundeanlegg skal koplast ut automatisk ved straumstans i Sunnfjord Energis distribusjonsnett og bli liggande utkopla fram til normal straumforsyning er oppretta av Sunnfjord Energi.

Kva får kunden i betaling for overskotsproduksjonen?

Sunnfjord Energi kjøper plusskundens overskotsproduksjon til den etter kvar tid gjeldande områdepris på Nord Pool Spot (spotpris), minus 2 øre time for time. Frå 1. januar 2017 er alle plusskundar fritatt å betale andre tariffledd for innmating.

Plusskunde og tariffering.

Sidan det er ei frivillig ordning vil det sei at det må inngås ein avtale og einighet mellom områdekonsesjonær, altså nettselskapet, og plusskunden om handtering av overskotskrafta. Det vil sei at plusskunden ikkje per dags dato kan gjere krav på den forenkla sakshandsamlinga som er skissert av NVE i vedtak av 16. mars 2010.

Korleis vert plusskundens eige forbruk avrekna frå distribusjonsnettet?

Plusskundens sin tilknyting til, samt uttak av straum frå Sunnfjord Energi sitt distribusjonsnett, vert avrekna etter den same nettleigetariffen uavhengig om kunden er med i plusskundeordninga eller ikkje.

Plusskunde i bustadselskap?

Om plusskunden er fleire bebuarar i eit bustadselskap kan ein saman vere med i plusskundeordninga. NVE har i samråd med Statnett laga ei løysing slik at samla produksjon i bustadselskapet vert fellesavregna og fordelt på alle straumkundane i bustadselskapet. Den enkelte sluttbrukar vert målt og avlest kvar for seg, slik at ein måler faktisk forbruk og får då riktig insentiv til energieffektiviseringa.

Moglegheita for tilskot

Energifondet Enova har tilskotsordningar for bustadeigarar som ynskjer å produsere fornybar energi til eige forbruk. Hos Enova finn du meir informasjon om tilskot, du kan og chatte med rådgjevar og få svar på spørsmål på direkten.

Ulike produksjonsordningar

  • Solcelle
  • Vindmølle
  • Mikrokraftverk

Meir informasjon

Foto: David Blaikie, CC BY 2.0, flickr.com

Plusshus med både vindmøller og solceller. (Foto: David Blaikie, CC BY 2.0, flickr.com. Foto av solcellepanel øvst på sida: Jon Callas, CC BT 2.0, flickr.com)