Gå til innholdGå til toppen

Tekniske krav

Sunnfjord Energi stiller tekniske krav til plusskundeanlegg for å kunne tilfredstille FOR-2004-11-30-1557: Forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Sunnfjord Energi har avgjort å basere seg på REN-avtalen og dei tekniske krava som følgjer den.

For tekniske spesifikasjonar ut over det som er beskrive i REN-avtalen vert det vist til norma EN 50438, NEK 399 og NEK 400 (merk NEK 400-7-712: Krav til straumforsyning med solcellepaneler).

Straumnettet er bygd med tanke på at effektflyten skal gå i frå store kraftverk i høgspentnettet og fram til sluttbrukerar i lågspenningsnettet. Ettersom plusskundar i periodar vil kunne føre til ein effektflyt i motsett retning vil dette kunne påverke spenninga og leveringskvaliteten hos andre kundar. Sunnfjord Energi må derfor forsikre seg om at produksjonsanlegget er utrusta på ein slik måte at det ikkje skapar for store forstyrringar i nettet. Dersom installasjonen av produksjonsanlegget utløyser eit behov for endring i nettet vil plusskunden måtte dekke kostnadane gjennom eit anleggsbidrag.

Sunnfjord Energi krev også at plusskundeanlegg skal koplast ut automatisk ved straumstans i Sunnfjord Energis distribusjonsnett og bli liggande utkopla fram til normal straumforsyning er oppretta av Sunnfjord Energi. Det skal i tillegg monterast ein fråkoplingsbrytar som Sunnfjord Energi skal kunne betjene. Dette for å forsikre seg mot at plusskunden fortsatt mater inn straum i eit område som er fråkopla det resterande nettet på grunn av for eksempel vedlikehaldsarbeid i nettet. Installasjon av fråkoplingsbrytar er obligatorisk ut frå NEK EN 50110-1. Plassering av brytaren blir bestemt av plusskunden og installatør, men det er viktig at brytaren er tilgjengeleg for Sunnfjord Energi til ei kvar tid. Plassering av brytaren skal beskrivast i tilknytingsavtalen og ferdigmeldinga.

Sunnfjord Energi tilrår at kundar tek kontakt med godkjent elektroinstallatør før ein går til innkjøp av anlegg. Det sikrar at ein kjøper anleggsdeler som oppfyller nødvendige krav for tilknyting til distribusjonsnettet.

Krav og vilkår

Meir informasjon


Fakta om plusskundeordninga

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve ein generell dispensasjon frå gjeldane regelverk for å forenkle prosessen med å bli plusskunde. Ordninga inneber at;

  • Det lokale nettselskapet tarifferer plusskunden netto (det vil sei at kunden ikkje vert tariffert for eige forbruk).
  • Nettselskapet kjøper plusskundens overskotsproduksjon.
  • Plusskunde slepp å betale andre tariffledd (tariffens residualledd).
  • Plusskunden slepp å inngå ein balanseavtale med Statnett (sidan lokalt nettselskap kjøper overskotsproduksjon).
  • Plusskunden treng ikkje omsetningskonsesjon.

Eksterne lenker til meir informasjon