Gå til innholdGå til toppen

Tilknytingsprosessen

Dersom ein ynskjer å bli plusskunde og produsere sin eigen straum er dette prosessen vidare:
  1. Kunden tar kontakt med ein godkjend elektroinstallatør for å avklare tekniske og økonomiske forhold rundt tilknyting av produksjonsanlegget. Dette bør gjerast før ein går til innkjøp av material og utstyr.
  2. Elektroinstallatør fyller ut og sender inn førehandsmelding av installasjonen via Sunnfjord Energi sitt meldingssystem for installatørar. Last ned meldingsskjema i ønska format: Førehandsmelding Word, eller Førehandsmelding PDF.
  3. Sunnfjord Energi behandlar meldinga og sender tilknytingsavtale for plusskundar til kunden. Dersom det er behov for eventuelle nettforsterkingar gis det tilbakemelding om dette. Nettforsterkingar vert utført av Sunnfjord Energi etter avtale med kunden.
  4. Kunden inngår tilknytingsavtale med Sunnfjord Energi. Elektroinstallatør installerer anlegget og fyller ut og sender inn ferdigmelding av installasjonen via Sunnfjord Energi sitt meldingssystem for installatørar. Last ned skjema i ønska format: Ferdigmelding Word eller Ferdigmelding PDF.
  5. Sunnfjord Energi installerer nødvendig måleutstyr. Eventuelle nettforsterkingar dekkes av kunden gjennom eit anleggsbidrag og blir utført av Sunnfjord Energi.
  6. Anlegget blir satt i drift og kopla til av Sunnfjord Energi.

Meir informasjon få Sunnfjord Energi


Fakta om plusskundeordninga

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve ein generell dispensasjon frå gjeldane regelverk for å forenkle prosessen med å bli plusskunde. Ordninga inneber at;

  • Det lokale nettselskapet tarifferer plusskunden netto (det vil sei at kunden ikkje vert tariffert for eige forbruk).
  • Nettselskapet kjøper plusskundens overskotsproduksjon.
  • Plusskunde slepp å betale andre tariffledd (tariffens residualledd).
  • Plusskunden slepp å inngå ein balanseavtale med Statnett (sidan lokalt nettselskap kjøper overskotsproduksjon).
  • Plusskunden treng ikkje omsetningskonsesjon.

Eksterne lenker til meir informasjon