Gå til innholdGå til toppen

Sjekkliste ved straumstans

Sjekk først om straumbrotet er registrert av Sunnfjord Energi Nett. I kartet kan du klikke på ikonet for sjå kva informasjon vi har om feilen:

Kart over pågåande straumstans

Viss du ikkje finn straumstansen på kartet bør du sjekke om årsaka til straumbrotet kan ligge i ditt eige anlegg. Ei enkel 3-punkts sjekkliste kan hjelpe deg å finne ut kvifor det er straumlaust:

1. Har naboen straum?

Er fleire hus utan straum ligg feilen truleg hos Sunnfjord Energi. Gjeld det eit stort område veit vi som regel om det, og har registrert det på kartet over pågåande straumbrot.

Har du høyrt smell eller sett glimt/røyk er vi takksame om du ringer vår vakttelefon 57 72 23 40.

2. Har jordfeilbrytaren slått seg ut?

Klarer du ikkje å slå den på igjen, kan du skru ut/slå av alle sikringar og slå på jordfeilbrytaren igjen. Så skrur du inn/slår på éin og éin sikring til du finn sikringskursen med feil.

No kan du slå av eller trekke ut kontakten på alle apparat som får straum frå denne kursen, og slå på eit og eit til du finn «syndaren». Dette apparatet må fråkoplast.

3.  Sjekk hovudsikringane!

Skift alle, anten du har to eller tre. Har du luftleidningar til huset er desse sikringane ofte plassert på loftet.

Finn du ikkje feilen – og straumen er framleis vekke?

Kontakt kundesenteret

Langvarig straumbrot

Ved straumstans meir enn 12 timar, der feilen ligg hos Sunnfjord Energi, kan du ha krav på kompensasjon.

Sjå: Krav om kompensasjon ved langvarige straumbrot.


Kart over straumstans

Her kan du sjå kart over planlagde utkoplingar, og over pågåande straumstans.