Gå til innholdGå til toppen

Straumprodusentar

På denne sida finn du informasjon for straumprodusentar (innmatingskundar).

Tilknytings- og nettleigevilkår

Sunnfjord Energi AS har som medlem i REN gått inn for å nytte REN sin standard tilknytings- og nettleieavtale for innmatingskundar (straumprodusentar) i distribusjonsnettet.

Føremålet med avtalen er at prosessen med konsesjonssøknad, bygging og drift av kraftproduksjon (DG) i distribusjonsnettet skal gjerast på best mogeleg måte både teknisk og kostnadsmessig. Tatt omsyn til både nettselskap, utbyggar/innmatingskunde og forbrukskunde.

Det er å tilrå at alle framtidige innmatingskundar set seg inn i avtalen så tidleg i prosessen som mogeleg, gjerne før konsesjonssøknad. «Søknad om nettilknytning» vil ligge til grunn for vurdering av nettilknyting.

Marginaltap

Nyheit 2019: Fastleddet har auka til 13,4 kr/MWh og marginaltapssatsane blir berekna kvar veke.

Marginaltap: Endring av tap i nettet ved overføring av ein ekstra kWh.

Marginaltapssatsane blir publiserte som prosentsatsar. Positiv sats indikerer at tapet i nettet aukar ved ein marginal endring av produksjon, medan negativ sats indikerer at tapet minkar. For forbruk er det motsett. Marginaltapssatsane blir berekna kvar veke for dag og natt/helg.

Berekningane er baserte på:

  • Forventa lastuttak og produksjon.
  • Kvar delingspunkta ligg i nettet.
  • Overføringstap og transformeringstap.

Energiledd = områdepris ∙ marginaltapssats (Statnett + SE) ∙ produsert mengde

Energileddet blir rekna ut pr. time.

I tillegg kjem eit fastledd (residuale ledd) på 13,4 kr/MWh. Fastledd er basert på gjennomsnittsproduksjon for kraftverk med produksjonshistorikk, medan for nye kraftverk er det ut i frå forventa produksjon. Fastledd blir fordelt jamt utover året.

Marginaltapssatsen i sentralnettet må leggast til for stasjonen som kraftverket er tilknytt.

I Sunnfjord Energi sitt området omfattar dette stasjonane: Moskog, Tefre, Myklebustdalen, Skei, Grov og Høyanger. Statnett publiserer satsane i sentralnettet, for detaljar sjå nettsida: https://www.nettavregning.no/Marginaltap/Marginaltapssatser.aspx

For detaljar om områdepris, sjå nettsida til Nord Pool: https://www.nordpoolgroup.com/Market-data1/Dayahead/Area-Prices/ALL1/Hourly/?view=table

Maksimalt marginaltap er ± 15 %.

Marginaltap veke 6 2019 (PDF)

Marginaltap veke 5 2019 (PDF)
Marginaltap veke 4 2019 (PDF)
Marginaltap veke 3 2019 (PDF)
Marginaltap veke 2 2019 (PDF)
Marginaltap veke 1 2019 (PDF)
Marginaltap desember 2018 (PDF)
Marginaltap november 2018 (PDF)
Marginaltap oktober 2018 (PDF)
Marginaltap september 2018 (PDF)
Marginaltap august 2018 (PDF)
Marginaltap juli 2018 (PDF)
Marginaltap juni 2018 (PDF)
Marginaltap mai 2018 (PDF)
Marginaltap april 2018 (PDF)
Marginaltap mars 2018 (PDF)
Marginaltap februar 2018 (PDF)
Marginaltap januar 2018 (PDF)
Marginaltap 2017
(PDF)
Marginaltap 2016 (PDF)
Marginaltap 2015 (PDF)
Marginaltap 2014
 (PDF)